
Profil
Ralston Bau er eit uavhengig studio som tolker den komplekse verda rundt oss for å forstå og reflektere over synlege og usynlege problemstillingar. Deira regenererende praksis gjer idear til handling, koblar mennesket med våre felles rom og omset komplekse spørsmål til objekt ein har behov for.
Ralston Bau studio er lokalisert i Bergen, Noreg og Marseille, Frankrike. Birgitta Ralston og Alexandre Bau er inspirerte av menneskelege rituale og kontekstar for å forme scenario som skapar liv i rom og objekt. I 2001 skipa dei designstudioet i Paris, med auge for det uventa og dei enno uutforska områda innanfor design. Slik oppstod Transplant i 2007, eit eksperimentelt designsenter inne i ein norsk fjord, kor ein forma eit femårig vellukka samarbeid mellom kunst og design.
Mellom 2009 og 2015 kuraterte dei forskning gjennom designprogrammet Ideal Lab, kor dei inviterte inn 52 kunstnarar, designarar og sosiologar til å arbeide i lokal kontekst og skape eigne arbeid innanfor sosiale tematikkar.
Det er essensielt for Ralston Bau å forankra designpraksisen sin i ein bærekraftig og inkluderande kontekst som tek form i narrative rom, personlege objekt, urbane lysarmatur og møblar i fellesrom.
For å dyrke tverrfagleg designforskning i ulike kontekstar grunnla Ralston Bau Idealist Institute saman med likesinna partnarar i Noreg, Sverige, Frankrike og UK. Idealistane deler verdiar for å skape regenerative og meir rettferdige prosjekt i sin daglege praksis og lokalitet i transformasjon. I juni 2020 grunnla de Bioregion Institute, som lager materielle sirkulære verdikjeder basert på regionalt biomasseavfall.
Ralston Bau er assosierte kunstnarar i MAGASIN des Horizons – CNAC i Grenoble i perioden 2017 til 2020. Studioet har fått internasjonale designutmerkingar, som «Red Dot Product Design Award» i 2013, og er innkjøpt til permanente samlingar i fleire design- og kunstmuseum. I 2010 vart Birgitta og Alexandre tildelt Fjalerprisen for framifrå bidrag til kultur og næring i kommunen. Dei underviser ved University of Bergen Institute for Design, Norge og ESADMM, Kunst- og designakademiet i Marseille i Frankrike.