Bord for co-working

Produsert med
Lokalt gjenvunnet tre
Begrenset serie | 2015

Når me skapte borda Camp hadde me eit ynskje om å halde designet ærleg og enkelt, slik som melombels møbler som er tilverka i villmarksleirar, satt saman av trestammer og bunde saman på stedet. Borda er laga av konstruksjonsvirke som er gjenvunnen på staden og den opprinnelige tykkelsen er bevart. Spor frå tid og bruk er synlege på bordplatane.

Ideelt territorium

I Antropocen (nåværende geologiske epoke) har bruken av naturressursar auka og nyttast fornuftstridig. Me kom til eit sentralt og kritisk punktfor overlevinga av den menneskelege arten, og har tre år på å revurdere våre bruksmønstre og økosystemar, med ei grad av hastighet lik ei verdskrig. Utan dette, ifølge James Anderson frå Climatology-Atmospheric Chemistry Department of Harvard (USA) i eit intervju publisert våren 2018, vil utryddinga av vår art igangsettast. Ei reell reduksjon av klimagassar er viktig, ein ny økologi for det menneskelege miljøet, slik som Oslo Architecture Triennale 2019 nærma seg problemstillinga med “Degrowth” tematikken.

Sidan 2017 har Ralston Bau forplikta seg til å skape eit idealistisk design for å dekode kompleksiteten i vår verd og kople folk og felles rom. Ralston Bau praktiserar transformativ design, tek idéar til handling og komplekse spørsmål til det essensielle objekt og rom. Det ideelle territoriet er ei fordjupning: ein kollektiv utforsking i din samanheng, skule og by. Utfordringa er å transformere og fornye framtidstrua i samfunnet vårt, for ei rask omstilling. Me fordjuper oss i fellesskap og individuelt, i lokale kontekstar, møtar folk og tar lærdom frå empatiske observasjonar og samtalar. Løysinga for rask endring ligg i sirkulære prinsipper: me må revurdere verdikjeder med korte syklusar og nettverk mellom bransjar, for å redusere vårt klimafotavtrykk. Me delar, visualiserar og testar desse refleksjonane gjennom installasjonar, handgripelege og aktiverbare soner: Ideelle territoriar.

Camp bord

Bordplata er eit spise- og arbeidsbord som definerar sitt eige rom i rommet. Strukturen er luftig og skapar eit større romleg nærvær. Den øvre horisontale bjelka er ein integrert del av designet: løysingane som er utvikla for å kople seg på den er ei vattert gardin og hengande belysning. Bordet kan då omskapast til eit intimt arbeidsområde ved å ganske enkelt justere på på gardina for å beskytte det eigne rommet mot visuell- og støyforureining.

Kontekst

The Irregular Notes is a newsletter sharing the Ralston Bau studio research and
interventions. It is, as the name says, sent out irregularly two to four times per year.

We take our General Data Protection Regulation (GDPR) obligations seriously
and strive to ensure that your personal data is securely held at all times.
We do not use cookies and will never disclose your information to third parties
and use your email address only for sending the Irregular Notes.

powered by TinyLetter