Fat for å dele

Produsert av
Norblikk Florø, Noreg
2015

Limited serie
Laga i rustfritt stål

Permanent samling
Sogn og Fjordane Museum, Noreg

Identitet og dens mutasjon i ei gruppe var utgångspunktet for kartlegginga i dette prosjektet. Kva definerer oss som ei gruppe? Kva representerer min identitet i gruppa? Kva er synleg eller usynleg, midlertidig eller permanent? Eit dypdykk i to ulike situasjonar, Florø i Noreg og Saint-Nazare i Frankrike, berika oss med innsikt og kunnskap som lot oss spekulere i kva som er dei mest kritiske utfordringane når det gjeldt integrering og identitet. Me lot oss inspirere av lokalbefolkning og maritim næring og forma eit manifest og eit poetisk verktøy som samlar oss alle: spiseritualet. Dette er historia om Svele.

Svele

Svele vart til i 2015 då Ideal Lab jobba med temaet “Replanted Identity”. Vi starta prosessen med å invitere Florøs lokalbefolkning med ulik bakgrunn til å samlast rundt eit måltid og ei samtale om identitet, kor deltakarane tok med heimelaga fingermat. Med rot i vestnorsk kultur vart det naturleg for “Florøværingar” å by på Svele. Dei med polsk bakgrunn hadde med seg Kiefies, ei halvmåneforma kjeks. Gjestfridomen var rørande og erfaringa vekte eit gryande ønske om å skape eit objekt dedikert til denne opplevinga.

Både Svele og Kiefies har formar som minner om månens ulike fasar. Med utgangspunkt i den flate sirkulære forma skapte vi to serveringsfat som fekk navnet Svele, oppkalt etter den vestnorske tradisjonelle pannekaka. Målet var å skape eit elegant og inviterande uttrykk i ei form med åpen bevegelse. Svele er ei åpen hånd som stolt reflekterar arv og tradisjonar i Florø. Den enorme krafta og dramaturgien i kystlandskapet vert illustrert i kontrasten mellom styrken i det blanke stålet og ei uforventa tynn og bøyd form. Svele svever over bordflata og speilar omgjevnaden i si blanke overflate.
Svele ble kjøpt inn til den permanente samlinga i Sogn og Fjordane Kunstmuseum.

Kontekst