Pause i hamnebyen

Prototype produsert av
Atelier du Marais
Armtop
Materialer
Akasie-tre, stål, maling
PERMANENT SAMLING
SOGN OG FJORDANA KUNSTMUSEUM

Ved havna i Saint-Nazaire finn ein seks små slusehus, bygd i 50-talsarkitektur, som huser losene (lamaneurs på fransk). Dei er profesjonelle sjømenn som losar skip inn og ut av havna og får dei trygt til kai. Ein los passar på og våkar over havna og passar på kvart fartøy som passerar. Dag og natt. Saint Nazaire er ein arbeidarby. Sentrum av byen er ein plass ein stikk innom for å handle på vegen heim, utan å ta del i eit sosialt urbant liv. Vi hadde eit ynskje om å skape byrom for innbyggjarane å stoppe opp i og ta seg ein velfortjent pause.

Folk i St Nazaire

Gjennom prosessen vert vi kjend med innbyggarar og deltakarar over fleire veker, frå vår temporære lokalisering i ei tom kafé. Vi ynskjer å lære dei å kjenne for å skape ein empatisk dialog og samle historiar relatert til deira identitet og by. Under 2.verdskrig vart byen hard ramma og gjekk nesten tapt. Byens havn husar eit sårt minne frå denne tida; ein enorm ubåtbase i betong, kostnadane med å fjerne den er enorme. Innsikt og kunnskap vi har samla antydar at bysentrumet i Saint-Nazaire vart flytta frå havna etter krigen, for å vende ryggen til dei vonde minnane. Det nye bysentrumet saknar navn men er omgitt av nabolag med kjærlige kallenavn. Likevel utgjer havna byens kjerne og er kobla til verdiane og essensen byen er bygd på: havet. Vi valde å fokusere på felles identitet og skape eit nytt kollektiv minne og stoltheit med utgangspunkt i havna sine trygge voktarar; losane, eller the Lamaneurs på fransk.

Tilhørsle

Tilhørsle har rot i kollektiv identitet, delte ritualar og felles draumar. Ei felles identitet visar kva folk delar, ritualar får alle til å kjenne seg fysisk og kjenslemessig foreina. Ein kollektiv visjon er fylt med hendingar, kunstneriske uttrykk og tradisjonar som berørar alle. Me var fascinert av betydninga av manuelle tradisjonar i begge byane -å skape, fikse, lage, renovere - og deira fravær i offentleg rom. Begge byane har typisk arkitektur (vestnorsk trebebyggelse i Florø, etterkrigstidens rasjonelle planlegging og 50-tals arkitektur i Saint Nazaire) som i nokon tilfelle ikkje vert tatt godt vare på eller omfavna. Hovedtema i scenariet er den kollektive forvandlinga , gjennom arbeid og meirbruk av offentlege rom. Dette gav oss ideen til å skape sitteplassar som inviterar travle innbyggjarar til å senke tempoet, ta ei pause og nyte stunden. Inspirert av losen som førar båtar inn og ut av havna, tek dei urbane setane “Lamaneur” si form frå 50-talsarkitekturens slusehus.

Les Lamaneurs

Lamaneurs er urbane møblar som inviterar innbyggjarar til å senke tempoet og glede seg over byen sin. I likskap med losen som førar båtane trygt i havn, tek møblane vare på folk. Formane er henta frå slusehusa, med avrunda front for betre oversikt. Metall- og tremateriala vart henta frå skipsbyggar-faget vi samarbeida med i produksjonen. Serien inkluderer fire versjonar av Lamaneurs-sittemøblar, kvar med si eige haldning og inspirasjon frå eit rituale; Lunch Break, Coffee Break, Long Watch og Short Nap. I 2018 ble Lamaneurs kjøpt inn til den permanente samlinga Sogn og Fjordane Contemporary Art fund.

Kontekst

The Irregular Notes is a newsletter sharing the Ralston Bau studio research and
interventions. It is, as the name says, sent out irregularly two to four times per year.

We take our General Data Protection Regulation (GDPR) obligations seriously
and strive to ensure that your personal data is securely held at all times.
We do not use cookies and will never disclose your information to third parties
and use your email address only for sending the Irregular Notes.

powered by TinyLetter