


Dalingane
Eit rom er ikkje noko, men eit sett av forhold mellom ting
(Henri Lefebvre, produksjonen av rom 1974).
Denne verkstaden er inspirert av ein psyko-geografisk metode, utvikla av organisasjonen Situationist International, som kjem frå ei samansmelting av fleire kunstneriske gruppar. Organisasjonen var aktiv frå 1957 til 1972, og meinte tydelig at det var folket som brukte byen som skapte den. Kvardagsliv blei sentrum for deira oppmerksomhet, med ynskje om å forstå korleis folk gav meining til byen. Situationistane utforska potensiala som ikkje er synlege i byens materielle strukturar ved å studere dei emosjonelle og atferdsmessige effektane av bystrukturen. Verkstedet er også inspirert av boka Soft City, av Jonathan Raban. Her seier Raban at vår eigen by er konstruert av personlege erfaringar og minner - det vil sei, min by er annleis enn din! Det er assosiasjonar og relasjonar til stader som skapar tryggleik og identitet i byen - meir enn fysisk gatebelysning og skilt. Frå dette perspektivet kan byen eller bygda sjåst som ei scene, ei unik og privat røyndom konstruert av personlege stiar og forteljingar. Om vi ynskjer å verte kjent med ein by og dens moglegheiter, må vi grave inn i byens sosiale tekst. Deltaking er å delta i bygginga av verkelegheita. I to dagar vart ei gruppe av Dalingar invitert til å rekonstruere eller samle sine eigne by-bildar. Dei bidro til ei kartlegging av Dale som vart forankra i personlege liv og erfaringar i staden for funksjonar, strukturar og institusjonar. Det er ikkje berre ein versjon av Dale, men hundrevis!
Å utforske og inkludere dei mange individuelle versjonane av bygda skapar eit meir gyldig og rikt bilde av Dale. Korleis byen fungerar og kva den betyr for borgarane, informerar og kvalifiserar byplanlegginga og design av produkter. Relasjons-estetikk er ein kunstform kor det sosiale eller relasjonsutvekslinga er det primære fokuset. Den psyko-geografiske verkstaden i Dale skal forstås i desse termer; Målet med verkstaden er å samle og veve saman dei eldres relasjonar til byen. Verkstaden presenterer ei alternativ forståing av dei erfarne eigenskapane til Dale. Verkstaden kan sjåast som ein brukerorientert utforsking av dei eldre borgarane si subjektive mentale bilete, ein nedanfrå-og-opp tilnærming til å forstå bylivet. Verkstaden understrekar betydninga av subjektive registreringar, korleis desse kan utførast og seinare brukast på ulike måtar. Kartleggingsmetoden tek utgangspunkt i folks bruk og forståing av byen, heller enn den fysiske utsjånaden av den. Ved å invitere dei eldste til å beskrive deira by- og boligmiljø i ulike termar og alternative aspektar, kjem den "myke" versjonen av Dale fram. Ved å visualisere og fysisk kartlegge betydningar, minnar og sensoriske opplevingar fekk vi eit innblikk i Dales plastiske natur, avdekke potensialet for å utvikle leveområdar som betyr noko - nært knytta til deltakarane og dei som bur der. Å skifte mellom individuelle, par og gruppe-oppgåver, mellom å tenkje, dele, diskutere, godta, gå og føle seg, skapar ein aktiv deltaking som igjen styrkar den sosiale teksturen i byen.
Kva om den subjektive sia av klimatiske kvaliteter vart tekne i betraktning under utforming og planlegging av infrastruktur i byen? Kva om fleire personlege forteljingar vart samla inn og vist på skilt eller lydstasjoner over heile byen? ideallab-lp.blogspot.com Det ville gje eit fysisk uttrykk for dei usynlege sosiale relasjonane Dale er laga av. Den uformelle myke sida av byen ville vore meir åpen og invitere til eit større oppleving av tilhørighet. Ville det forme ein meir menneskeleg by?
Emosjonell kartlegging
For å kartlegge den kvalitative opplevinga av bylivet, vandra ein gruppe eldre gjennom byen, registrerar og identifisere områder som er lada med kjensler. Resultatet gir innsikt i personlige forteljingar knytta til kvart hjørne av Dale, noko som synliggjer at ein stad kan ha mange ulike betydningar knytta til den. Det vil seie, ein stad er ein plass vevd saman av spor frå individuell interaksjon. Nummererte merkar er klistra på bygg og kommuniserar til forbipasserande at dette er ein spesiell stad, ein stad av betydning. Stadene og forteljingane er lagt på ein blogg for andre å kommentere. ideallab-lp.blogspot.com
Identifisere klimatiske kvalitetar
Varme, kulde, tørke, fukt, lys, mørke, vind og ro er alle klimatiske kvalitetar i det menneskelege miljøet. Vår psykologiske oppfatning har innverknad på subjektive faktorar som minne, erfaring, preferanse osv som gjer oppfatninga av stader til ein svært individuell sak. Verkstaden utforskar kva for klimatiske kvaliteter som vert opplevd i Dale. For å skape personlege visualiseringar av særskilde klimatiske egenskapar nyttast engangskamera som verktøy. Resultatet av dagen er situasjonsbunden og individuelle observasjoner utgjer saman ei skildring av kva klimatiske kvaliteter som blir opplevd i Dale. Denne informasjonen er lagt på bloggen, så vel som prøver av kvar enkelt visualisering av spesifikke eigenskaper. Målet er å skapa eit refleksjonsgrunnlag og vidare sosial utveksling. Det er eit kvalitativt perspektiv som kan utviklast vidare ved å inkludere fleire mennesker og stader. Som eit eksempel er det interessant å reflektere over kor vidt ei gruppe kvinner ville oppfatte dei same egenskapane som mennene gjorde, det vil seie - om ei kjønnsforskjell eksisterer i å oppleve og evaluere klimatiske kvaliteter.