


Svele
Svele vart til i 2015 då Ideal Lab jobba med temaet “Replanted Identity”. Vi starta prosessen med å invitere Florøs lokalbefolkning med ulik bakgrunn til å samlast rundt eit måltid og ei samtale om identitet, kor deltakarane tok med heimelaga fingermat. Med rot i vestnorsk kultur vart det naturleg for “Florøværingar” å by på Svele. Dei med polsk bakgrunn hadde med seg Kiefies, ei halvmåneforma kjeks. Gjestfridomen var rørande og erfaringa vekte eit gryande ønske om å skape eit objekt dedikert til denne opplevinga.
Både Svele og Kiefies har formar som minner om månens ulike fasar. Med utgangspunkt i den flate sirkulære forma skapte vi to serveringsfat som fekk navnet Svele, oppkalt etter den vestnorske tradisjonelle pannekaka. Målet var å skape eit elegant og inviterande uttrykk i ei form med åpen bevegelse. Svele er ei åpen hånd som stolt reflekterar arv og tradisjonar i Florø. Den enorme krafta og dramaturgien i kystlandskapet vert illustrert i kontrasten mellom styrken i det blanke stålet og ei uforventa tynn og bøyd form. Svele svever over bordflata og speilar omgjevnaden i si blanke overflate.
Svele ble kjøpt inn til den permanente samlinga i Sogn og Fjordane Kunstmuseum.