








Delta lengre
Befolkninga eldast og har lengre aktive liv, grunna forbetra helse. Mennesker kan, frå ei viss alder, verte utestengde frå samfunnet så vel som frå eit økonomisk standpunkt. I dette prosjektet spør me: “Korleis kan me involvere den eldre generasjon lengre i samfunnet?”. For å kunne svare på dette utvikla vi prosjektet “Delta Lengre”. Ein kvar person med eit friskt sinn har også ei kreativ sjel, som tyder at alle er skikka til å påvirke omgjevnadene sine så fremt ein har tekniske verktøy og kompetansen til å bruke det for å kunne forme ein idé. Eldre borgarar har ofte verken tilgang eller kunnskap til å ta i bruk digitale verktøy og grunna dette vert dei fort ignorerte i ein kreativ prosess. Dei fleste eldre og pensjonister ynskjer å ta del i utviklinga av samfunnet sitt. Ved å ignorere dei skapar vi dypare kløftar mellom generasjonar og tapar moglegheiter for å utvikle betre systemar som kan dra nytte av deira kunnskap og livserfaring.
Den eldre generasjon er snart større enn den arbeidsaktive generasjonen. Etter eit liv med hardt arbeid, utan erfaring med moderne kommunikasjonsverktøy, kan motiverte eldre verte isolerte og kunnskap som kan være dyrebar for eit samfunn går tapt.