Om

Ralston & Bau er eit uavhengig studio som dekodar den – på så mange nivå – komplekse verda rundt oss, for å forstå og reflektere over synlege og usynlege problemstillingar. Deira transformative praksis gjer idear til handling, koplar mennesket med våre felles rom – og omset komplekse spørsmål til objekt ein har behov for.

I 2001 skipa Birgitta Ralston og Alexandre Bau designstudioet Ralston & Bau i Paris, med auge for det uventa og dei enno uutforska områda innanfor design. Slik oppstod Transplant i 2007, eit eksperimentelt designsenter inne i ein norsk fjord, kor ein forma eit femårig vellukka samarbeid mellom kunst og design. Mellom 2009 og 2015 drev dei forsking gjennom designprogrammet Ideal Lab, kor dei inviterte inn 52 kunstnarar, designarar og sosiologar til å arbeide i lokal kontekst og skape eigne arbeid innanfor sosiale tematikkar.

For å dyrke transversal designforsking i ulike kontekstar grunnla Ralston & Bau Idealist Institute samen med likesinna partnarar i Noreg, Sverige, Frankrike og UK. Idealistane deler verdiar for å skape regenerative og meir rettferdige prosjekt i sin daglege praksis og lokale kontekst.

Ralston & Bau har vunne fleire nasjonale og internasjonale designutmerkingar, som «Red Dot Product Design Award» i 2013, og er innkjøpt til permanente samlingar til fleire design- og kunstmuseum. I 2010 vart dei tildelt Fjalerprisen for framifrå bidrag til kultur og næring i kommunen. I perioden 2017 til 2020 er Birgitta og Alexandre assosierte kunstnarar i MAGASIN des Horizons – CNAC i Grenoble. Dei underviser ved Universitetet i Bergen; KMD, Institutt for Design; Design Thinking, Bergen – Executive Master Strategic design for Innovation; Central Saint Martins, London og L'école supérieure d'art & de design Marseille-Méditerranée og Annecy.
Ralston & Bau sine studio er lokalisert i Bergen, Noreg og Marseille, Frankrike.

Cases location

powered by TinyLetter